Om Gjesdal


Fakta om Gjesdal
Gjesdal kommune er ei fjell- og innlandsbygd som ligg i overgangen mellom Jæren og Dalane ca. 30 km sørøst for Stavanger. Kommunen grensar til Forsand, Sandnes, Time, Bjerkreim og har og grense med Sirdal kommune i Vest-Agder.

 

Månafossen

Gloppedalsura 2

Limagarden

Foto: Geir Einarsen Foto: Geir Einarsen Foto: Marit Simonstad Kvaale
 Månafossen Gloppedalsura   Limagarden bygdatun

 

 

 

 

 

 

 


Mange har opplevd Månafossen, Rogalands høgaste foss, klatra i Gloppedalsura, Nord-Europas største steinur, besøkt Limagarden Bygdatun eller nytta dei mange fritids- og rekreasjonstilbuda som Gjesdal kommune kan by på.
Gjesdal ligg i overgangen mellom Jæren og Dalane, ca. 30 km sørøst for Stavanger i Rogaland fylke, og inviterer til rike naturopplevingar frå hei til hav !

Gjesdal er ein av landets største sauekommunar og langt på veg tufta på ull- og tekstilindustri, - noke værhovudet i kommunevåpenet symboliserar.
Kommunen er stor i utstrekning med sine 620 km2 og har nyleg passert 10.000 innbyggjere.
Kommuneadministrasjonen held til på Ålgård, som er den største tettstaden i Gjesdal med sine 8.000 innbyggjere. Andre større tettstader i kommunen er Oltedal, Gilja og Dirdal.

 Fakta:

Gjesdal kommune er ei fjell- og innlandsbygd som ligg i overgangen mellom Jæren og Dalane,
ca. 30 km sørøst for Stavanger.
Kommunen grenser til Forsand, Sandnes, Time, Bjerkreim og har også grense med Sirdal kommune i Vest-Agder.
Klokkesøte er vår kommuneblomst

Areal: 620 km2.
Arealfordeling: jordbruk: 6 %, produktiv skog: 5 %, ferskvatn: 8 %, anna areal: 81 %.

Kommunen har i overkant av 10 000 innbyggjere, ca. 1760 er i grunnskulealder.  
Kommunen er i sterk vekst og har ei ung befolkning.

Kommunesenteret Ålgård ligg ved E-39, 15 km. frå Sandes.
Ca. 75% av innbyggjerne bur her

  Gjesdal Fylket Landet
Primærnæring 8,7 % 4,5% 3,5%
Sekundærnæring 31,4% 28,2% 20,5%
Tertiær næring 60% 67,3% 20,5%
Offentlig forvaltning 28,7% 26,4% 30,4%
Privat sektor 71,3% 73,6% 69,6%

Tall fra 2004
For mer tall om Gjesdal

Kart Gjesdal‚ tegnet



Tilbake
Skriv utSkriv ut

[ Sist oppdatert 01/13/2010 ]

Gjesdal kommune, Rettedalen 1, 4330 Ålgård. Telefon 51 61 11 00. E-post: postmottak@gjesdal.kommune.no. Webmaster: inger.marie.refsland@gjesdal.kommune.no