Hvis du...


Mat i Gjesdal
Informasjon om serveringsstader i Gjesdal. Deler av informasjonen er henta frå suleskarvegen.no

 

Byrkjedalstunet med troll

 

 

 

Byrkjedalstunet:
Ein tradisjonsrik restaurant, både når det gjeld mat og omgjevnader. Ligg like ved rv 45, Hunnedalsvegen. Populær stoppestad for svoltne forbipasserande.
Tlf: 51 61 29 00
www.byrkjedalstunet.no

Foto: Geir Einarsen

 

 Lafthuset

 

 

 

 

Lafthuset:
Kombinert butikk og kafé.
Ligg i Oltedal, like ved rv 45.
Her tilbyr dei heimelaga middagsrettar og har eigen barnemeny.
Tlf: 51 61 80 08.
Foto: Geir Einarsen  
 Gjestal spinneri  
 
Gjestal Spinneri
Kombinert fabrikkutsal (garn) og kafé. Tradisjonelle lunsj- og middagsrettar og kaffimat.
Tlf: 51 61 22 00.
Foto: Geir Einarsen  

 Brekko - total

 

 

 

 

Friluftstunet Brekko:

Varmestova her er betjent søndagar, men stengt i juli månad. Her kan du ete eiga niste, eller du kan kjøpe heimebakt, is kaffe og brus. På tunet står grillar som kan nyttas fritt, òg utanom varmestova si opningstid.
Følg E 39 til Vaula bru sør for Ålgård. Avkjøring og vegen videre er skilta.
jarenfri.no
Foto: Jæren friluftsråd  
 Gjesdal gjestgiveri
Foto: Gjesdal gjestgiveri

Gjesdal Gjestgiveri:


Ligg sentralt i Ålgård sentrum.
Her er god atmosfære og høg komfort.
Både tradisjonsmat og ekslusive menyar.
Tlf: 51 61 77 66.
gjesdalgjestgiveri.no

 Kongeparken 

Foto: Kongeparken

Kongeparken:
Kongeparken har fleire attraksjonar òg på matsida. På Jærgården byr dei på Barnas Drøm, og du kan nyte eit hyggeleg måltid med mykje godt frå ein rikhaldig buffét.
I Matsalen byr dei på mange velsmakande menyar med m.a. kylling, hamburgarar og pølser, medan du i Bakeriet kan nyte ein cappuchino og rykande ferske bakevarer. Prøv òg deilige Belgiske vafler i det nye Vaffelhuset. kongeparken.no
   
 

Westernbyen:
Serverar søndagsmiddag heile året, og tilbyr ein variert og spennande meny. Åpent søndagar kl. 13:00 til 18:00
westernbyen.no

 

Great Wall:
Kinesisk restaurant i Kongsgaten 1.
(Like ved Kongeparken)
Tlf: 51 61 78 78



Tilbake
Skriv utSkriv ut

[ Sist oppdatert 12/27/2010 ]

Gjesdal kommune, Rettedalen 1, 4330 Ålgård. Telefon 51 61 11 00. E-post: postmottak@gjesdal.kommune.no. Webmaster: inger.marie.refsland@gjesdal.kommune.no