Aktivitetsdag med Jærmuseet 10. mai.
Aktivitetsdag med 4-H 20. september.
![]() |
I vakkert landskap med utsikt over fjell, Lima og Edlandsvatnet ligg Limagarden med sine gamle bygningar og gode rekreasjonsmuligheter. |
| Foto: Marit Simonstad Kvaale | |
![]() |
Dei seks bygningane på garden inneheld heile samlinga til Gjesdal Bygdemuseum. Her kan du oppleva gamal Gjesdal-kultur i sitt rette element. Nokre av bygningane er frå fyrste halvdel av attenhundretalet, og representerar i seg sjølv verdifull bygningingshistorie. Våningshuset er bygd i lafta tømmer og vart oppført i 1848 i jærhus stil. |
| Foto: Geir Einarsen | |
![]() |
Ulike aktivitetsdagar vert arrangert på søndagene frå april til oktober. Lag og foreninger kan til alle tider på året komme på besøk og få omvisning etter nærmare avtale. Åpningstider. |
| Foto: Geir Einarsen | |
![]() |
Limagarden kan vera eit godt utgangspunkt for fleire turer i området. Bl.a kan du ta ein tur opp til fornminneområdet på Fodnabergheio kor du finn tydelege restar etter busetnad frå Folkevandringstida 300 - 500 e.Kr. Her er det satt opp fleire opplysningsskilt. Turen frå Limagarden til Fodnabergheio tek 20-30 min. Stavanger Turistforening i samarbeid med Gjesdal kommune har årleg ein søndagstur til fortida i dette området med naturlos. Det er også laga ein modell av Fodnabergheio som er utstilt på Limagarden. |
| Foto: Geir Einarsen |
Det er egen parkeringsplass med snuplass for buss.
Jærmuseet er ansvarlig for vedlikeholdet.
Kontaktperson er vaktmester Ted Johnny Taraldsen tlf.: 926 47 685.
Ansvarlig for utleie:
Jærmuseet v/Hans Dybvad Olesen
Telefon: 95 29 45 38
hans.dybvad.olesen@jaermuseet.no


RSS
Lytt til tekst


