Aktuell informasjon

Færre treng å ta PCR-test etter positiv hurtigtest

Færre treng å ta PCR-test etter positiv hurtigtest

Dersom du har fått tre dosar covid-vaksine, eller to dosar og har vore sjuk med korona ein gong før, skal du ikkje ta PCR-test ved positiv hurtigtest.
 

  • Ikkje bestill PCR-test dersom du har symptom eller er nærkontakt, vent til du evt. har positiv hurtigtest.
     
  • Registrer positiv hurtigtest digitalt i din heimkommune på hjemmetest.remin.no - sjå også kommunen si nettside.

Dette gjeld for innbyggarar i Klepp, Time, Hå og Gjesdal, frå 24.01.22. 


Hovudregelen no er at du berre skal ta PCR-test om du treng dette for å få koronasertifikat eller om du har spesielle behov for medisinsk behandling. 

«Dersom du har gyldig koronasertifikat frå før, treng du ikkje ta bekreftande PCR etter positiv hurtigtest. Koronasertifikatet er gyldig 180 dagar etter gjennomgått covid-19, 270 dagar etter andre vaksinedose og uavgrensa gyldigheit etter oppfriskingsdose,» seier kommuneoverlege i Time, Øystein Øgaard.