Luftvegslegevakta blir avvikla 1. desember

Luftvegslegevakta blir avvikla 1. desember

Kommunane Klepp, Time, Hå, Gjesdal og Sandnes avviklar den felles luftvegslegevakta som har vore i drift ved Kleppetunet.

Etter gjenopninga av samfunnet kom Folkehelseinstituttet med nye råd som igjen gjer det mogleg for personar med luftvegsplagar å bli behandla hos fastlegen. Det er allereie mange legesenter som tar imot slike pasientar.

Drift av teststasjonen, som har vore samlokalisert med luftvegslegevakta, er planlagt å fortsetta ut året, men det vil bli gjort ei ny evaluering 24. november.

Kva gjer du viss du har luftvegsymptom som vond hals, hoste eller tett nase?

  • Hald deg heime
  • Ta ein hurtigtest eller bestill test på teststasjonen
  • Dersom testen er negativ og du treng legetilsyn, kontakt din fastlege
  • Dersom testen er positiv, kontakt smittesporinga i din kommune