Medverknadsverkstad om budsjett- og økonomiplan

Økonomisjef Bjarte Madland presenterer budsjettet på "folkeleg" vis - Klikk for stort bildeØkonomisjef Bjarte Madland presenterer budsjettet på "folkeleg" vis Ordførar inviterte til informasjons- og medverknadsverkstad for å få innspel og meiningar på rådmannen sitt budsjettframlegg.

I overkant av 50 personar deltok der både politikarar og administrasjon var godt representert.

Ordførar Frode Fjeldsbø ønska velkommen og fortalde om bakgrunnen for seminaret. Det er første gong vi arrangerer dette og er spent på korleis det blir mottatt, sa Fjeldsbø.

 

Økonomisjef Bjarte Madland brukte 25 minutt på å gi ein svært god og oversikteleg framstilling av «Gjesdal-økonomien».  Fleire i salen var nok overraska over kor mange tenester kommunen gir og kor mykje tenestar innbyggjarane får. Dersom ein deler inntektene på talet på innbyggjarar «eig» kvar Gjesdalbu kr 77 000. Når ein barnehageplass og skoleplass i snitt kostar kr 150 000 og  kr 100 000 og ein sjukeheimplass godt over ein 1 mill kr var det fleire som fekk eit anna perspektiv på kommuneøkonomien.

Etter dette var det korte innleiingar frå innbyggjarar som hadde førebudd innleiingar til budsjettframlegget. Det var innanfor tema barnehage- og skole, helse- og velferd og frivillige lag og organisasjonar.

Nedanfor følgjer presentasjonen til økonomisjef Bjarte Madland og oppsummering frå arbeidsgruppene.

 
Astrid R. Førli fra Ap oppsummerer innspillene fra gruppearbeid - Klikk for stort bildeAstrid R. Førli fra Ap oppsummerer innspillene fra gruppearbeid
Fant du det du lette etter?
 
  • TelefonBilde 51 61 42 00
  • PostboksBilde Rettedalen 1, 4330 Ålgård
  • Besøksadr: Rettedalen 1
  • Komm.nr. 1122
  • Org.nr. 964978573