«Med den nye nasjonale korona-strategien frå myndigheitene må me rekna med meir smitte på Jæren framover,» seier kommuneoverlege i Klepp, Roman Benz.
Bodskapet frå regjeringa er: Me skal tåla smitteauke og samtidig halde samfunnet opent.
Noko av det aller viktigaste er at folk held fram med å la seg vaksinera. «Vaksinene beskytter veldig godt mot alvorleg sjukdom, og høg vaksinegrad er heilt avgjerande for at me kan opna opp samfunnet meir,» seier kommuneoverlege i Gjesdal, Hans Petter Torvik.
«Omikron gir stort sett milde symptom hos barn og hos vaksinerte. Det er ikkje mogleg eller ønskeleg å stoppa ein bølge med omikronsmitte nå. Det me kan gjera er å bremsa, for å unngå at for mange blir sjuke samtidig, slik at belastninga på samfunnet ikkje blir for stor,» forklarar Gerd Signy Omland, kommuneoverlege i Hå.
Dei nye tiltaka er nasjonale, men kommunane skal sjølve bruka den såkalla trafikklysmodellen for å avgjerda tiltaksnivå i skule og barnehage.
«Ut frå dagens smittesituasjon har kommuneoverlegane vurdert det slik at det foreløpig er gult nivå i barnehagar og skular i Klepp, Time, Hå og Gjesdal, men det blir gjort ei ny vurdering neste veke,» seier Øystein Fjetland Øgaard, kommuneoverlege i Time.
Symjehallane på Jæren opnar for offentleg bading igjen, ut frå gjeldande smittevernreglar.
Kommunane følger situasjonen tett, og har jamleg felles beredskapsmøte. Regjeringa vil komma med ei ny vurdering i starten av februar.
Generelle smittevernråd
- Praktiser god hand- og hostehygiene
- Vaksiner deg
- Hald deg heime ved sjukdom
- Test deg for covid-19 ved nyoppståtte luftvegssymptom
Dei justerte korona-tiltaka finn du her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/regjeringen-letter-pa-tiltakene/id2895460/