Orientering om skilt i Oltedal

Rådmannen har iverksett fjerning av skilt som er sett opp ved parkeringsplassen i Oltedal - Storemyr. Bakgrunnen for fjerning av dette skiltet er at kommunen sette dette opp på Stavanger kommune sin eigedom i Oltedal.

Skiltet viste turstiar i Oltedal som ikkje er klarert med grunneigarane. Dermed var det ikkje gitt tillating til allmenn ferdsel på deira eigedom slik skiltet diverre viste. Rådmannen seier seg lei for at dette ikkje blei sjekka før kommunen hengde skiltet opp.

Vi er nå midt i prosessen ved å inngå grunneigaravtalar og digitalisere turstiar i Oltedal. Vi håper at vi snart kan presentere nye og godkjente turstiar. Gjesdal kommune er ein friluftskommune der vi skal gjere det vi kan for å informere og merke turstiar i næromådet.

Fant du det du lette etter?
 
  • TelefonBilde 51 61 42 00
  • PostboksBilde Rettedalen 1, 4330 Ålgård
  • Besøksadr: Rettedalen 1
  • Komm.nr. 1122
  • Org.nr. 964978573