Pressemelding - lokale anbefalinger covid-19

Pressemelding - lokale anbefalinger covid-19

I jula har me fått ein sterk auke i talet på koronasmitta. Den trenden må snus. På veg inn i nyttårsfeiringa er råda klare frå kommuneoverlegar og ordførarar i jærkommunane.

- Me deler bekymringa med kollegaane på Nord-Jæren. Sjølv om vaksinen er på veg, er det svært viktig å halda nede smitten i samfunnet. Her må alle bidra, seier Gerd Signy Solberg Omland, kommuneoverlege i Hå.

 

Felles anbefalingar

Etter felles beredskapsmøte i dei fire kommunane Time, Klepp, Gjesdal og Hå, har ein kome fram til desse anbefalingane:

 

Kollektivtransport:

Unngå bruk av kollektivtransport.

Dersom du likevel må reisa med kollektivtransport eller taxi, må du bruka munnbind.

 

Redusera sosial kontakt:

Alle bør redusera sosiale kontaktar (nærkontaktar) til maks. 10 personar per veke. Dette gjeld ikkje kontaktar i eigen husstand eller i arbeids-/skulesituasjon. (I tillegg gjeld dei nasjonale avgrensningane på antall personar du kan ha på besøk)

 

Besøk i sjukeheim:

Solåsheimen åpnes for besøkande på følgande tidspunkt: 

  • Andre etasje åpnes 31. desember
  • Tredje etasje øst åpnes 1. januar
  • Tredje etasje vest åpnes 2. januar

Besøkande må ta kontakt på telefon og avtale besøk i førekant, og halda minst ein meter avstand til den dei besøker, andre bebuarar og personalet. Dersom ein av ulike grunnar ikkje kan halda ein meter avstand, skal besøkande bruka munnbind.

 

Heimekontor:

Arbeidsgivar må legga til rette for bruk av heimekontor og digitale møte. Dette gjeld særleg der arbeidstakarar er avhengig av kollektivtransport, eller der plassforholda på arbeidsstaden gjer det vanskeleg å halda avstand til andre. Formålet er å redusera talet på nærkontaktar.

 

Anbefalingane er gjeldande frå i dag, 30.12.2020 kl 22:00.

 

Time, Klepp, Gjesdal og Hå gir foreløpig ingen nye, lokale råd når det gjeld arrangement, idrett og uteliv. Men situasjonen blir vurdert fortløpande, og arbeidet med å førebu ei eventuell forskrift er sett i gang.

 

-Demp nyttårsfeiringa

Ordførarane og kommuneoverlegane har ei felles bøn til innbyggarane om å dempa nyttårsfeiringa og tenka på smittevern.

-Unngå store samlingar, og ver helst i lag med dei du vanlegvis treffer. Å avgrensa den sosiale kontakten, og å halda avstand til andre, er særs viktig, seier Roman Benz, kommuneoverlege i Klepp.

-Vi gleder oss til å starte vaksinering i løpet av neste uke, men fortsatt vil det gjelde å holde avstand, vaske hender og ha lav terskel for å la seg teste selv ved lette nyoppståtte symptomer, sier kommuneoverlege i Gjesdal Hans Petter Torvik.

-Me vurderer at jærkommunane er på risikonivå tre, ifølge Folkehelseinstituttet si inndeling i fem risikonivå. Nivå tre vil seia at me har aukande smittespreiing med fare for rask forverring dersom ein ikkje set i verk ekstra tiltak, seier Øystein Fjetland Øgaard, kommuneoverlege i Time