Signering av tunell-kontrakt

Her signerer rådmann og økonomisjef avtalen med Bjelland AS om anleggstunell i Kodlidalen.

Signering av tunell-kontrakt - Klikk for stort bilde Vi er svært glade for å kome i gang med både tunell og infrastruktur til eit flott nytt bustadfelt, seier Bjarte Madland og Knut Underbakke i kor. Vi er utolmodige med å få nye bustadar og ikkje minst nye innbyggjarar til Gjesdal.

Vi trur flotte og ledige tomter i attraktive Gjesdal er viktig for at vi kan snu trenden slik at befolkningsveksten kan starte igjen. Det gler oss med eit levande sentrum og der vi i finveret ser både vaksne og ungar som vassar i «fjorden»  midt i sentrum!

Vi er i dialog med utbyggjarar som vil vere med å realisere nokre av dei 650 bustadar vi kan få plass til i sentrum på sikt. Per Rovik er tilsett som leiar for bustad- og tomteutviklingarbeidet. Han startar 1. juni og då set vi enda større trykk på dette, seier Bjarte Madland.

Fant du det du lette etter?
 
  • TelefonBilde 51 61 42 00
  • PostboksBilde Rettedalen 1, 4330 Ålgård
  • Besøksadr: Rettedalen 1
  • Komm.nr. 1122
  • Org.nr. 964978573