Slik fungerer den nye luftvegslegevakta

Slik fungerer den nye luftvegslegevakta

Dette bør du vita om den felles legevakta i Klepp.

Merk! Denne legevakta har same nummer som vanleg legevakt: 116 117

Måndag 16. mars opna ei felles luftvegslegevakt på Kleppetunet. Tilbodet er eit samarbeid mellom dei fem kommunane Klepp, Time, Hå, Sandnes og Gjesdal, og er berre for personar med symptom på luftvegssjukdom.

I tillegg er det vanleg legevakt på Stangeland (Sandnes) for folk som har akutt behov for legetilsyn og som ikkje har luftvegssymptom.

Kven skal eg ringa?

Har du akutt sjukdom eller skade og samtidig symptom frå luftvegane? Forkjøla, hoste, influensasymptom, feber og føler deg sjuk? Då skal du ringa fastlegen din på dagtid.

Etter klokka 15.00 og i helgene ringer du legevakta 116 117. Du vert så sett over til luftvegslegevakta. Luftvegslegevakta vurderer om du skal ha time, eller om det kan venta til fastlegekontoret opnar.   

Har du lette forkjølelsessymptom? Ikkje ring legevakt, men hald deg heime. 

Verneutstyr må til

Ellen Marie Kalberg er til vanleg leiar for legevakta i Klepp og Time. Nå koordinerer ho personell frå alle fem kommunane som er med i samarbeidet på Kleppetunet.

– Det kan jo vera greitt at både ungar og vaksne er litt førebudde når dei skal møta folk i «Teletubbie-klede» for første gong, seier Kalberg.

For å unngå smitte har både sjukepleiarane og legane ved luftvegslegevakta på seg verneutstyr heile tida. Mellom anna har dei nokre dressar som nesten kan likna på onepiece.

I tillegg har dei frakkar og nokre gonger visir. Alt dette er for at det skal vera så trygt som mogleg, både for dei som jobbar der og for alle som kjem innom.

Klikk for stort bilde Klepp kommune  

Du skal venta i bilen

– Det er ingen som skal koma til luftvegslegevakta utan at det er avtalt og ein har fått time. Alle må ringa 116 117 først. Så vil nokre få time i teltet, medan andre vil få time inne på sjølve legevakta, fortel Kalberg.

Om du skal inn i bygget, ventar du i bilen til ein av dei tilsette kjem ut og hentar deg. Så får du beskjed om kva dør du skal bruka.

Dei som skal møta i teltet med lege og sjukepleiar, skal parkera bilen på sida av teltet. I starten køyrde ein gjennom dette teltet, men det vart så kaldt at teltet nå er stengt.

Det er òg eit eige telt for testing. Her treng du ikkje å gå ut av bilen, men køyrer gjennom.

– Me ønsker at folk sit på førarplassen eller i venstre baksete om dei skal testast. Så blir det teke prøve frå bak i nasen og svelget, forklarer Kalberg.

Ikkje alle blir testa

Luftvegslegevakta på Kleppetunet følger Folkehelseinstituttet sine retningslinjer for kven som skal testast for covid-19. Desse blir fortløpande oppdaterte, men per 24. mars gjeld dette, i prioritert rekkefølge:

  1. Pasientar med behov for innlegging.
  2. Pasientar/bebuarar i helseinstitusjonar.
  3. Tilsette i helsetenesta med pasientnært arbeid.
  4. Personar over 65 år som har underliggande, kronisk sjukdom.
  5. Personar som har vore i nærkontakt med eit bekrefta tilfelle av covid-19.

Andre personar med akutt luftvegsinfeksjon blir i utgangspunktet ikkje testa, sjølv ikkje om dei har vore på reise. Dersom du til dømes er forkjøla, skal du halda deg heime til éin dag etter at du er fri for symptom.

– Og er du helsepersonell og lurer på om du treng å bli testa, skal avdelingsleiaren din melda det inn via kommuneoverlegen, understrekar Ellen Marie Kalberg.

Meir informasjon om luftvegslegevakta

 

Information in English, Polish and Arabic:

English Polski العربية