Gjesdal kommune

Vil du bli treningskontakt?

Vil du bli treningskontakt?

Har du lyst å verta treningskontakt? Er du interessert i fysisk aktivitet, friluftsliv og arbeid med menneske? Då kan du bidra i arbeidet med regelmessig fysisk aktivitet for menneske med psykiske lidingar og/ eller rusmiddelutfordringar.  

Vi treng fleire treningskontakter.

Alle treningskontakter må delta på kurs før dei kan starta i oppdrag. Målet med kurset er å utdanna treningskontakar som saman med brukaren kan skapa ei positiv oppleving rundt fysisk aktivitet, og å kunna planlegga aktivitetar og turar ut frå den enkelte brukarens sitt behov og forutsetningar. Deltakerane må vera busett i Klepp, Time, Gjesdal eller Hå kommune.  

Kursdatoer er 22 og 23 oktober 2022. 

Kurset går over 2 dagar frå kl. 08.30 - 15.30,  på Jæren DPS, Bryne.

Kan dette vera noko for deg? Send ein e-post til kontaktpersonen i den kommunen du bur i og oppgir namn, adresse, telefon, fødselsdato og kort om kvifor du ønsker å verta treningskontakt. Så vil me kontakte deg for å avtala eit intervju.  

Søknadsfrist: 23.09.22. 

Kontaktpersonar;  

Time kommune; Helen Bruntveit tlf. 92231714, mail: helen.bruntveit@time.kommune.no 

Klepp kommune; Linda Braut tlf. 40039528, mail: linda.braut@klepp.kommune.no 

Gjesdal kommune; Dagfinn Hersdal tlf. 90849722, mail: dagfinn.hersdal@gjesdal.kommune.no 

Hå kommune; Gry Anette Nærland Njærheim tlf. 41532754, mail: gryanettenaerland.njaerheim@ha.kommune.no