Bystranda – søppelutfordring

Søppel i sentrum - Klikk for stort bildeSøppel i sentrum Joar Lima Gjesdalbuen sin leiar tar i dag opp utfordringa med søppel. Det er prisverdig at Gjesdalbuen peikar på medansvaret vi som brukarar har for søppel. Det er saman vi klarer å halde det fint og ryddig rundt oss.

Gjesdal kommune kjenner på ansvaret for å sikre at kapasiteten er tilstrekkeleg og at vi har søppeldunkar som tener føremålet. Vi ser at dagens kapasitet er for liten og at søppeldunkane ikkje er godt nok «sikra» for måker/fuglar og vind. Dette vil vi snarast råd ta tak i.

Fleire har utfordra rådmannen: Gjesdal er jo smart – då må det setje inn tiltak som gjer dette smartare. Det er vi heilt samde i og vi arbeidar på høggir for å finne enda betre løysingar. Vidare oppmodar vil alle til å halde fram med den aktive bruken så set vi inn tiltak for å auke kapasitet og tømmer oftare søppel inntil vi har enda betre løysningar på plass.

Fant du det du lette etter?
 
  • TelefonBilde 51 61 42 00
  • PostboksBilde Rettedalen 1, 4330 Ålgård
  • Besøksadr: Rettedalen 1
  • Komm.nr. 1122
  • Org.nr. 964978573