Legevakta er for alle – men ikkje for alt

Legevakta er for alle – men ikkje for alt

Hostar du, har sår hals eller er tett i nasen? Du er ikkje den einaste for tida! Det kan vera forkjøling, eller koronavirus. Men ikkje ring legevakta om du berre kjenner deg litt pjusk! Legevakta er for alle, men ikkje for alt. 

Bruk din fastlege - legevakta er først og fremst for akutt sjukdom eller skader som ikkje kan venta til neste dag. 

  • Er du forkjøla – hald deg heime. 
  • Sett deg inn i kva for smittevernregler som gjeld - ikkje ring legevakta for å spørja om dette. Sjekk helsenorge.no eller fhi.no 
  • Ha låg terskel for å testa deg – bestill test på nettsida c19.no 
  • Har du generelle spørsmål om korona som du ikkje finn ut av sjølv – bruk koronatelefonen (815 55 015).  

“Det er viktig at kvar enkelt tar ansvar for å berre ringa legevakta når dette er nødvendig. Har du spørsmål om gjeldande smittevernreglar så finn du informasjon på nett, og det er også mogleg å ringa den nasjonale koronatelefonen. Både bestilling og avbestilling av covid-19-test er enkelt å gjera på c19.no, og for dei aller fleste er det derfor unødvendig å ringa legevakta,” seier Øystein Øgaard, kommuneoverlege i Time.