Lokale anbefalinger i Gjesdal fra 16. april

Lokale anbefalinger i Gjesdal fra 16. april

Her er oversikt over lokale anbefalingar som gjeld frå 16. april i kommunene Gjesdal, Klepp, Time og Hå. Anbefalingane skal evaluerast mandag 19. april. Alle bør følga anbefalingane, sjølv om dei ikkje er forskriftsfesta.

  • Hald to meter avstand.
  • Ha få kontaktar og dei same over tid. Me anbefaler maks ti sosiale kontaktar per veke.
  • Maks to gjester på besøk i privat hus, hage eller hytte.
  • Bruk munnbind på stader der det ikkje er mogleg å halda to meters avstand.
  • Me anbefaler folk å bare nytta seg av kjøpesenter og varehus i heimkommunen.
  • Skjenkestoppen held fram.

Reiser

  • Alle reiser som ikkje er nødvendige bør utsetjast med desse unntaka:
    • Reiser til arbeid når det ikkje er mogleg med heimekontor.
    • Reiser heim til familien for studentar utan familie der dei studerer.
    • Reiser til hytte saman med eigen husstand (Handla gjerne heime før avreise og unngå kollektivtransport)

Idrett og fritid

  • Organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne bør avlysast.
    • Unntak for profesjonelle toppidrettsutøvere.

(I Hå kommune er det også anbefalt at fritidsaktivitetar for barn og unge vert avlyst i same tidsrom)

  • Treningssenter kan kun halda ope for innbyggarane i kommunen.
    • Unntak for rehabilitering, individuell trening og behandling.
  • Symjehallar er stengt.
    • Unntak for barn på symjetrening og personar som treng bassenget til rehabilitering.
  • Fornøyelsesparkar, bingohallar og liknande underhaldningstilbud bør halda stengt.

Arrangement

 

Arrangement og private samkome bør utsetjast eller avlysast. Dette gjeld og barnebursdagar. Unntaket er gravferder.

Kulturarrangement som førestillingar, oppvisningar m.v, i tillegg til kurs og konferansar og trus- og livssynseremoniar bør utsetjast dersom desse samlar personar frå fleire kommunar.

Viss arrangement ikkje kan utsetjast, gjeld desse reglane:

  • Maks 20 personar bør samlast på arrangement innandørs med faste, tilviste sitjeplassar.
  • Maks 10 personar på private samkome utanfor eigen heim. (20 personar utandørs)
  • Maks 50 personar innandørs på idrettsarrangement for personar under 20 år som høyrer til idrettslag i same kommune.
  • Maks 50 personar utandørs på arrangement.
  • Maks 50 personar i gravferder og bisettelser når det vert nytta faste tilviste plasser.

_ _ _

Bakteppet for anbefalingen fremgår av egen artikkel på kommunens hjemmeside.

Se for øvrig  avklaringer for fritidsaktiviteter for barn og unge.