Luftvegslegevakt i Sandnes på dagtid

Luftvegslegevakt i Sandnes på dagtid

Frå 2. juni vil legevakta på Sandnes overta som luftveglegevakt på dagtid, medan legevakta på Kleppe fortsetter med dette kveld og helg.

Ring fastlegen i opningstida, og legevakt på 116 117 kveld og helg og du vil få beskjed om kvar du skal møta.

Felles luftvegslegevakt for Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå:

Kvardagar kl 08-15:
Sandnes legevakt tek imot telefon og pasientar med luftvegssymptom som treng legetilsyn frå alle fem kommunane.
Adresse: Brannstasjonsveien 2, 4312 Sandnes

Kvardagar kl 15-23, helg og helgedagar 08-23:
Luftveglegevakta i lokala til Klepp og Time legevakt tek imot telefon og pasientar med luftvegssymptom som treng legetilsyn frå alle fem kommunane.
Adresse: Olav Hålands veg 2, 4352 Klepp
NB: Midlertidig omkøyring inn til legevakta

Ingen skal møta opp utan å ringa 116 117 først!

Koronatesting:
Det er framleis luftvegslegevakta på Kleppe som utfører koronatestar. Du må avtala tid for å komma til testing. Avtalen kan gjerast via fastlege, eller ved å ringa 116 117. Testing skjer når du køyrer inn i telt som er sett opp på parkeringsplassen mellom Sirkelen-bygget og Kleppetunet i Olav Hålandsveg 2 i Klepp. Følg skiltinga som viser kvar du skal køyre.

Ordinær legevakt: 
På kveld og helg er det den ordinære legevakten i Sandnes som tek imot pasientar som ikkje har symptom frå luftvegane. 

Ingen skal møta opp utan å ringa 116 117!

  

Kva gjer du viss du treng legetilsyn?

Kvardagar kl 08-15: Ring fastlegen din

Helg kl 08-23 og kvardagar kl 15-23: Ring legevakt på 116 117

Nattestid heile veka kl 23-08: Ring legevakta 116 117

Du vil få beskjed om kvar du skal møta opp.