Vidarefører dagens nasjonale tiltak på Jæren

Vidarefører dagens nasjonale tiltak på Jæren

Gjesdal kommune opprettholder tiltaksnivået som regjeringen innførte 25. mars (PDF, 390 kB).

_ _ _

Dagens nasjonale tiltaksnivå vert vidareført i Time, Klepp, Hå og Gjesdal. Det betyr at dei nasjonale lettingane regjeringa kunngjorde i går, og som skal gjelda frå og med fredag, ikkje vert gjeldande på Jæren. Kommunane vil gjera ei ny vurdering måndag 19. april.

- Det har vore auke i smitten på Jæren etter påske. Smittesituasjonen tilseier at me har behov for å halda på dei strenge smitteverntiltaka. Utviklinga dei neste dagane vil avgjera om me kan letta på tiltaka på Jæren neste veke, seier kommuneoverlege i Time Øystein Øgaard på vegne av dei fire kommunane.

Dei lokale smitteverntiltaka vert gitt som anbefalingar av dei fire kommunane. Unntaket er forbod mot skjenking som vert forankra i eiga forskrift i Time, men som er ei anbefaling i dei tre andre kommunane.

Dei viktigaste lokale tiltaka vil kort oppsummert vera:

  • Hald to meter avstand
  • Begrens talet på sosiale kontaktar
  • Maks to gjester i heimen, hytta eller hagen din (dette gjeld også for barneselskap)
  • Handla på kjøpesenter/varehus i heimkommunen din 
  • Skjenkestopp  
  • Alle arrangement bør avlysast


Konsekvensar for kommunale tilbod

Veveriet/bibliotek/publikumsmottak

Veveriet/bibliotek/publikumsmottak holdes åpent, men med enkelte tiltak for å begrense antall besøkende. Det vil også være pliktig å registrere seg ved ankomst.

Det vil ikke bli gjennomført arrangement eller fritidsaktiviteter for voksne.

Det oppfordres til å henvende seg digitalt eller på telefon dersom det er mulig.

 

Skole, barnehage og kulturskole

Skole, barnehage og kulturskole forholder seg til nasjonale veiledere for smittevern.

 

Tilbud til barn, unge, eldre og sårbare grupper

Kommunen vil forsøke å opprettholde tilbud til disse gruppene. Tilbudet vil bli tilpasset de nye retningslinjene.

Vi minner om at all organisert idrett skal gjennomføres i tråd med nasjonale retningslinjer og veiledere fra egne særforbund. Anbefaling om at idrettshaller, gymsaler og tilsvarende kun er åpne for organisert aktivitet videreføres.
 

Politiske møter

Politiske møter vil bli gjennomført digitalt i perioden

 

Konsekvensar for treningssenter

  • Anbefalt at det berre er ope for innbyggarane i kommunen. 
  • Kan også halda ope for dei som er busett i andre kommunar dersom dei skal nytta seg av rehabilitering og opptrening som tilbys individuelt eller i mindre grupper med arrangør, individuell trening og behandling som det kan bestillast time til.