KI plattform for Jærskulen

Klepp, Hå, Time og Gjesdal kommunar har saman laga plattform KI Jærskulen med ulike språkmodellar. Vi er oppteken av at både elevar og tilsette treng å øva seg på både å forstå og å bruke KI (kunstig intelligens) som eit verktøy på ein trygg og datasikker måte. 

Plattforma er laga etter modell av Randabergskulen og er drifta av digitale ressurspersonar i Jærskulen. Plattforma har FEIDE-innlogging og samlar ikkje inn personopplysningar om brukarane. KI Jærskulen er bygd opp av pedagogisk retta chatbotar.

Elevane vil i løpet av skoleåret få opplæring og tilgang til KI Jærskulen. Dette vil vera ein god stad å øve på og forstå kva KI er og korleis ein kan bruke dette på ein god måte i møte med læring og tekstskaping.

Arbeidet med bruk av KI Jærskulen bygger på Utdanningsdirektorektoratet sine råd om KI i skolen, der det mellom anna står: 

«Formålet med skolen beskrives i opplæringsloven, der det blant annet står at skolen skal bidra til "opne dører mot verda og framtida" og fremme verdier som demokrati, ytringsfrihet og menneskerettigheter. KI er en viktig del av den verden og fremtiden elevene møter. Samtidig kan verdier som demokrati og ytringsfrihet være under press i en verden der "fake-news" og påvirkningskampanjer får enda sterkere verktøy gjennom bruk av KI. Mange av de mest brukte sosiale mediene bruker allerede KI i sine tjenester. Hvilken kunnskap trenger barn og unge for å manøvrere trygt i dette landskapet og hvordan kan skolen bidra?» 

Her finn du meir utfyllande informasjon om bakgrunnen for at Jærskulen vel å nytte språkmodellar:

 

Ein ressurs for både elevar og lærarar
Eit utjamnande verktøy
Betre tilpassa opplæring
Samarbeid og interaksjon
Demokrati og medverkning
Interesse, engasjement og motivasjon
Tilpassing til den digitale verden
Ein trygg måte å bruke KI på
Tidssparing for lærarar

Kontakt

Monica Ims
Adjunkt
E-post
Telefon 51 61 46 70
Mobil 98 84 63 16
Adjunkt
Martin Olav Risvold
Saksbehandler
E-post
Telefon 99 61 94 61
Mobil 99 61 94 61