I tråd med naturmangfaldlova § 43 er nå forslag om vern av tre nye skogområde sendt på offentleg høyring. Alle kan komme med merknadar innan 25. september 2026.
Verneforslaga omfattar tre nye naturreservat. Aktuell verneform er naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Alle områda er tilbudd for vern av skogeigarane gjennom ordninga med frivillig vern av skog. Her finn du meir informasjon om frivillig skogvern.
Det er sendt ut to høyringsdokument, eitt for:
og eit for begge områda i Dirdal:
- Kleivane (tidl. Dirdal V), Gjesdal kommune, ca. 554 daa
- Ramstoliane (tidl. Dirdal Ø), Gjesdal kommune, ca. 633 daa
Kart som visar forslag til avgrensing av foreslåtte verneområde kan lastas ned frå Statsforvaltaren i Rogaland si nettside, kan også finnast på kart i Naturbase og Temakart Rogaland.
Formålet med vernet
Skogvern skal medverka til at ingen artar eller naturtypar vert utrydda og at eit representativt utval av norsk natur tas vare på for kommande generasjonar. Ei rekke trua naturtypar og halvparten av alle trua artar i Noreg er bunden til skog og skogsmiljø. Dei aller fleste av desse artane høyrer heime i den eldre urørte skogen, og fleire artar av insekt, sopp og fugl er avhengig av gammal skog og død ved. Mange høyrer også heime i skogtypane rik edellauvskog og boreonemoral regnskog. Gjennom vern får skogen stå urørt og utvikla seg fritt, og mange ulike livsmiljø vert sikra. Skogvern er difor eit viktig og prioritert tiltak for å ta vare på norsk naturmangfald. Stortinget har sett ein nasjonal målsetnad å verna 10 % av skogarealet. Målet om eit representativt vern er forankra i den norske handlingsplanen for naturmangfald, Natur for livet (Meld. St. 14, 2015-2016) og gjeld vern av arter, naturtypar, økosystem og landskap. Etter siste vernevedtak i desember 2025, er nær 5,5 % av all skog i Noreg verna (Miljødirektoratet)
Merknadar
Eventuelle merknadar eller fråsegn kan sendast med brev eller e-post til Statsforvaltaren i Rogaland.
Fråsegn til Kleivane naturreservat og Ramstoliane naturreservat merkast med saksnummer 2023/5390
Postadresse: Statsforvaltaren i Rogaland, Miljøvernavdelinga, Pb. 59, 4001 Stavanger
E-postadresse: sfropost@statsforvalteren.no
Frist for uttale til høyringa er 25.09.2026.