Gjesdal kommune

Midt i blinken

Midt i blinken

Rulleskiløp Blink 2018 - Klikk for stort bilde Reidun S. Skjørestad Når dette ordførarbrevet vert lagt ut på kommunen si heimeside, er vi midt i årets blinkfestival - BLINK19. Det er fjerde år Ålgård og Gjesdal er med på denne folkefesten.

Det vart innertiar i år også. Når onsdagen starta med sterk vind og regn i bøtter og spann, trur eg fleire var både engstelege og skeptiske. Heldigvis vart veret betre ut over dagen, slik at eg som på førehand hadde lova godt ver, hadde orda mine i behald.

Det vart altså ein fantastisk folkefest i år òg. Eg møtte berre blide og glade menneske, og høyrde berre gode ord. Det krev mykje forarbeid og god laginnsats for å treffa blinken så til de grader som arrangørane har gjort. Takk til alle medverkande frå næringslivet, kommunen, laga og organisasjonane som på fantastisk vis sørga for at dette vart ein slik suksess.

No skal eg kosa meg med BLINK frå Lysebotn og Sandnes, og så gler eg meg allereie til neste års folkefest i Gjesdal.

 

Frode Fjeldsbø

ordførar

Rulleskiløp Blink 2018 - Klikk for stort bilde Reidun S. Skjørestad