Gjesdal kommune

Vurdering i skolen

Vurdering i skolen

Elevane har rett til individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa. Elevane på 1-7.trinn skal ha individuell vurdering utan karakter, jf Opplæringslova § 2-3. 

§ 9-1 Formålet med og grunnlaget for vurdering i fag

Formålet med vurdering i fag er å fremje læring og lærelyst og å gi informasjon om kompetanse undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faga.

Grunnlaget for vurdering i eit fag er kompetansemåla i læreplanen i faget. Kompetansemåla skal forståast i lys av teksten om faget i læreplanen. Elevar og dei som har opplæring i bedrift, skal vere gjort kjende med læreplanen i faget.

Føresetnader, fråvær, orden eller oppførsel skal ikkje trekkjast inn i vurderinga i fag. Innsats kan vere ein del av vurderingsgrunnlaget berre dersom det følgjer av læreplanen i faget.

Stort fråvær eller andre særlege forhold kan føre til at lærarar og instruktørar ikkje har tilstrekkeleg grunnlag til å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag.

§ 9-2 Formålet med og grunnlaget for vurdering i orden og i oppførsel

Formålet med vurdering i orden og i oppførsel er å fremje sosial læring, medverke til eit trygt og godt skolemiljø og gi informasjon om orden og oppførsel.

Skolereglane er grunnlaget for vurdering i orden og i oppførsel, jf. opplæringslova § 10-7. Orden heng saman med om elevane er punktlege og førebudde og følgjer opp arbeid. Oppførsel heng saman med om elevane viser omsyn og respekt for andre. Elevane skal vere gjort kjende med skolereglane.

Kompetanse i fag skal ikkje trekkjast inn i vurderinga av orden eller oppførsel. I vurderinga skal det takast omsyn til føresetnadene til elevane.

Det skal ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar med mindre dei er særleg klanderverdige eller grove.

§ 9-3 Karakterar i fag

Frå og med 8. trinn skal elevane få vurdering med karakter i faga. Det er berre krav om karakterar ved halvårsvurdering og sluttvurdering.

Det skal brukast heile talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Karakterane skal vise til desse gradane av ferdigheit hos elevane:

  1. karakteren 6: framifrå kompetanse i faget
  2. karakteren 5: mykje god kompetanse i faget
  3. karakteren 4: god kompetanse i faget
  4. karakteren 3: nokså god kompetanse i faget
  5. karakteren 2: låg kompetanse i faget
  6. karakteren 1: svært låg kompetanse i faget.
§ 9-4 Karakterar i orden og i oppførsel

Frå og med 8. trinn skal elevane få vurdering i orden og i oppførsel med karakterar. Desse karakterane skal brukast:

  1. God (G): vanleg god orden og vanleg god oppførsel
  2. Nokså god (Ng): store negative avvik frå vanleg god orden og vanleg god oppførsel
  3. Lite god (Lg): særleg store negative avvik frå vanleg god orden og vanleg god oppførsel.
§ 9-6 Samtale om utvikling

Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar har rett til minst éin samtale i halvåret om den faglege utviklinga si. Samtalen kan gjennomførast i samband med samtalen med foreldra etter § 11-1.

Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar har dessutan rett til jamleg dialog med kontaktlærar eller instruktør om korleis dei utviklar seg sosialt og på andre måtar. Dialogen skal sjåast i samanheng med opplæringslova § 1-3 og Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa.

§ 9-7 Varsling om at karakteren kan falle bort eller bli sett ned

Når det er klart at ein elev står i fare for ikkje å få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag, skal kommunen eller fylkeskommunen sørgje for at eleven straks blir varsla skriftleg om det. Dersom eleven ikkje er myndig, skal også foreldra varslast.

Kommunen eller fylkeskommunen skal også sørgje for at elevane får varsel dersom dei står i fare for å få karakteren nokså god (Ng) eller lite god (Lg) ved halvårsvurdering eller standpunktkarakter i orden eller i oppførsel.

Varselet skal gi eleven høve til å få karakter i fag eller til å betre karakteren i orden eller i oppførsel.

§ 9-11 Undervegsvurdering i fag

All vurdering som blir gjord før opplæringa er avslutta, er undervegsvurdering. Undervegsvurderinga i fag skal vere ein integrert del av opplæringa, og ho skal tene til å fremje læring, auke kompetansen i faga og gjere opplæringa betre tilpassa den enkelte. Undervegsvurderinga kan vere munnleg, skriftleg eller begge delar.

I undervegsvurderinga i fag skal elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar

  1. delta i vurderinga av sitt eige arbeid og reflektere over si eiga læring og faglege utvikling
  2. forstå kva dei skal lære, og kva som blir venta av dei
  3. få vite kva dei meistrar
  4. få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin.

Undervegsvurderinga skal brukast til å vurdere om elevane har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova § 11-2.

Elevar og lærekandidatar som får individuelt tilrettelagd opplæring, skal ha undervegsvurdering ut frå måla i den individuelle opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. opplæringslova § 11-10.

§ 9-12 Undervegsvurdering i orden og oppførsel

Undervegsvurdering i orden og i oppførsel skal givast jamleg og skal tene til å fremje sosial læring ved at elevane

  1. får rettleiing om kva som er god orden og oppførsel
  2. får vite om ordenen og oppførselen deira er i tråd med skolereglane
  3. reflekterer over sin eigen orden og oppførsel og korleis dei kan utvikle seg.
§ 9-13 Halvårsvurdering i fag

Halvårsvurderinga i fag er ein del av undervegsvurderinga. Ho skal vise kva kompetanse elevane, lærlingane, lærekandidatane og praksisbrevkandidatane har i faga, og gi rettleiing om korleis dei kan betre kompetansen sin. Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar skal få halvårsvurdering utan karakter gjennom heile opplæringa.

Frå 8. trinn skal elevar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurderinga med karakter skal vere skriftleg og skal vere eit uttrykk for den kompetansen kvar elev har tileigna seg ut frå det som er venta på tidspunktet for vurderinga.

Halvårsvurderinga med og utan karakter skal givast midt i opplæringsperioden. Dersom eit fag ikkje blir avslutta i eit skoleår, skal halvårsvurderinga også givast ved slutten av skoleåret.

Faglærarar skal gjennomføre halvårsvurderinga for elevar.

§ 9-14 Halvårsvurdering i orden og i oppførsel

Halvårsvurderinga i orden og i oppførsel er ein del av undervegsvurderinga. Ho skal vise korleis elevane sin orden og oppførsel er vurdert opp mot skolereglane, og gi rettleiing om korleis elevane eventuelt kan betre seg. Elevane skal få halvårsvurdering utan karakter i orden og i oppførsel gjennom heile opplæringsløpet.

Frå 8. trinn skal elevar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurderinga med karakter skal vere skriftleg.

Halvårsvurderinga med og utan karakter skal givast midt i opplæringsperioden. Dersom elevane ikkje er i det avsluttande skoleåret sitt, skal halvårsvurderinga også givast ved slutten av skoleåret.

Kontaktlæraren skal gi halvårsvurdering i orden og i oppførsel i samråd med dei andre lærarane til elevane.

§ 9-15 Sluttvurdering i fag

Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til elevane, lærlingane, lærekandidatane og praksisbrevkandidatane ved avslutninga av opplæringa i fag. Vurderinga skal gjerast ut frå kompetansemåla i læreplanen i kvart enkelte faga, jf. § 9-1.

Sluttvurderingar i grunnskolen er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.

Sluttvurderingar i den vidaregåande opplæringa er standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og karakterar til fag- og sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve.

§ 9-16 Standpunktkarakterar i fag

Standpunktkarakterar skal vere eit uttrykk for den samla kompetansen elevane har ved avslutninga av opplæringa. Standpunktkarakterar skal setjast i samsvar med § 9-1.

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevane er kjende med kva det blir lagt vekt på i fastsetjinga av standpunktkarakterane. Elevane skal ha fått høve til å vise kompetansen sin på fleire og varierte måtar. Kompetansen som elevane har vist i den tida dei har fått opplæring, skal takast med i vurderinga når standpunktkarakterane skal fastsetjast.

Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før fellessensurmøtet.

Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skolen held den første eksamenen i faget på det aktuelle trinnet på utdanningsprogrammet.

Reglane i tredje og fjerde ledd gjeld ikkje der ein elev får meir opplæring etter § 5-2 og samtidig er meld opp til utsett, ny eller særskild eksamen, jf. § 9-36–§ 9-38. Standpunktkarakterane skal då fastsetjast etter endeleg sensur av utsett, ny eller særskild eksamen.

Faglærarane set standpunktkarakter. Dersom rektor er i tvil om at reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde i eit fag, kan rektor krevje at faglæraren gjer ei ny fagleg vurdering før karakteren blir fastsett og ført.

Dersom ein elev ikkje kan få standpunktkarakter i eit fag og eleven har fått varsel etter § 9-7, skal rektor sjølv gjere vedtak om at det ikkje blir gitt standpunktkarakter i faget.

§ 9-17 Standpunktkarakterar i orden og i oppførsel

På 10. trinn og ved avslutninga av opplæringsløpet i vidaregåande skole skal det setjast ein standpunktkarakter i orden og ein standpunktkarakter i oppførsel.

Standpunktkarakterane i orden og i oppførsel skal vere eit uttrykk for korleis elevane har tedd seg, og kva for orden dei har hatt. Det skal gjerast ei heilskapleg vurdering av ordenen deira og oppførselen deira gjennom opplæringstida.

Rektor må drøfte standpunktkarakterane med lærarane til elevane før dei blir sette.

Dersom ein elev skal få standpunktkarakter nokså god (Ng) eller lite god (Lg) i orden eller i oppførsel, må eleven ha fått varsel om det, jf. § 9-7. Kravet om varsling gjeld likevel ikkje om ein sanksjon for ei enkelthending etter skolereglane er årsaka til karakteren.

§ 9-18 Fellesreglar om fritak frå vurdering med karakter

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevane får nødvendig rettleiing om kva fritak frå vurdering med karakter inneber, før det blir gitt slikt fritak. Foreldra skal også få slik rettleiing dersom elevane ikkje er myndige.

Dei som er fritatt frå vurdering med karakter, skal få halvårsvurdering og undervegsvurdering utan karakter.

Elevar som er fritatt frå vurdering med karakter i eit fag, skal ikkje delta på eksamen i faget. Dersom ein elev som får innvilga fritak i eit fag, allereie har avlagt eksamen i faget, skal kommunen og fylkeskommunen stryke eventuelle standpunktkarakterar og eksamenskarakterar eleven har i faget.

§ 9-19 Fritak frå vurdering med karakter for elevar som får individuelt tilrettelagt opplæring

Elevar i grunnskolen som får individuelt tilrettelagd opplæring i eitt eller fleire fag, skal få fritak frå vurdering med karakter i faget eller faga dersom elevane eller foreldra ber om det. I fag med både skriftleg og munnleg karakter vel elevane eller foreldra om elevane skal ha fritak frå både skriftleg og munnleg karakter eller berre ein av dei. Om elevane eller foreldra vel karakter i faget norsk skriftleg, kan dei dessutan velje om elevane skal få karakter i eitt av dei norske skriftspråka eller i både bokmål og nynorsk.

Elevar i vidaregåande opplæring som får individuelt tilrettelagd opplæring, skal få fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom dei ber om det. Dei har ikkje rett til fritak frå vurdering med karakter i andre fag.

Elevar som er fritatt frå vurdering med karakter, skal ha undervegsvurdering utan karakter ut frå måla i den individuelle opplæringsplanen i tilfelle der planen vik av frå læreplanen i faget.

§ 9-20 Fritak frå vurdering med karkaterar for elevar som får innføringsopplæring

Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som tar fatt på opplæringa i Noreg i siste halvdelen av eit skoleår, har rett til fritak frå vurdering med karakter i alle fag dette skoleåret.

Elevar i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa som får innføringsopplæring etter opplæringslova § 3-7 og § 6-6, har rett til fritak frå vurdering med karakter i heile perioden dei får innføringsopplæring. Elevar i den vidaregåande opplæringa kan ikkje bli fritatt frå standpunktkarakter etter denne paragrafen.

§ 9-21 Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka

Elevar, tidlegare elevar og privatistar har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom eitt av desse vilkåra er oppfylt:

  1. Dei har vanskar med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon.
  2. Dei har ikkje gått i norsk grunnskole på 8. til 10. trinn.
  3. Dei har eller har hatt særskild språkopplæring i løpet av 8. til 10. trinn eller i vidaregåande opplæring.
  4. Dei har i løpet av 8. til 10. trinn eller i den vidaregåande opplæringa gått på ein internasjonal eller utanlandsk skole i Noreg som er godkjend for ikkje å gi vurdering med karakter i sidemål.

Elevar som hadde rett til fritak frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka på 8. til 10. trinn etter § 1-11, har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål i vidaregåande opplæring. Den skolen, kommunen eller fylkeskommunen som har ansvar for å utferde vitnemål, skal avgjere søknader om fritak.

§ 9-23 Fritak frå vurdering med karakter i kroppsøving

Elevar har rett til fritak frå vurdering med karakter i faget kroppsøving dersom den tilpassa opplæringa elevane får etter opplæringslova § 11-1, ikkje kan vurderast med karakter.

Kommunen eller fylkeskommunen avgjer søknader om fritak.

§ 9-24 Fritak frå eksamen

Rektor sjølv kan etter søknad frita elevar i grunnskolen frå eksamen dersom det ligg føre tungtvegande grunnar.

Søknad om fritak frå vurdering med karakter

Elevar kan i følge forskrift til opplæringslova søke om fritak frå vurdering med karakter, jf. § 9-18, § 9-19, § 9-20 og § 9-23. De kan søke om dette her: Søknad 

Ungdom over 15 kan søke sjølv, eller føresette kan søke for ungdommen. Du må logge deg inn via ID-porten. Viss du ikkje kan logge deg inn via ID-porten, kan skulen rettleia deg i korleis du kan søke.