
Foto: Solbjør Engen Torvik
🌿 Visste du at...
...Gjesdal har mange registrerte naturtypar – frå kystlynghei til gammal edellauvskog? Mange av desse er trua og viktige for både planter, dyr og oss menneske.
🌲 Visste du at...
...frivillig vern av skog gir grunneigarar erstatning, samtidig som verdifull natur blir tatt vare på for framtida? Ein vinn-vinn for både natur og folk!
💡Visste du at…
…vi i Gjesdal har eit mål om å verne 30 % av naturen vår innen 2030? Vi har faktisk allereie verna ca. 25 % og er på god veg mot å nå målet vårt.
🦋 Visste du at...
...gamle skogar er leveområde for sjeldne artar som treng ro og tid for å utvikle seg? Når vi vernar skog, vernar vi også livsgrunnlaget for mange små og store skapningar.
🌍 Visste du at...
...naturreservat er den strengaste verneforma i Noreg? Det betyr at naturen får stå mest mogleg urørt – og det gir rom for naturen å reparere seg sjølv.
🏛️Visste du at...
…Statsforvaltaren i Rogaland har starta opp verneprosess for fem skogområde i Rogaland, og to av dei ligg i vakre Dirdal i Gjesdal kommune! 💚
📣 Visste du at...
...du kan påverke verneprosessar ved å sende innspel til Statsforvaltaren? Fristen for innspel er 10. oktober
ℹ️ Vil du vite meir? Klikk her 👉 Melding om oppstart av verneprosess i 6 skogområde i Rogaland | Statsforvaltaren i Rogaland