Gjesdal kommune

Slutt for Jæren kemnerkontor på Bryne

Slutt for Jæren kemnerkontor på Bryne

Frå 1. november er Jæren kemnerkontor ein del av Skatteetaten.

Frå 1. november er ikkje skatteoppkrevjaren (kemneren) ein del av kommunen.

Gjesdal har vore del av Jæren Kemnerkontor på Bryne sidan 1. januar 2013. 

Ved kontoret på Bryne er det 9,5 årsverk, fordelt på 10 personar.  Dei jobba fram å kunna hjelpa innbyggarar og firma med å finna gode løysingar når det gjeld innkrevjing og utbetalingar av skatt. Kontoret har gjennomstrøyming av rund 8 milliardar kroner kvart år. 

Frå 1. november 2020 skal dei tilsette ha arbeidsstad på skatteetaten i Stavanger (Paradis) eller i Egersund. 

Oppgåvene som er overførte frå kommunane til Skatteetaten er mellom anna behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgjevaravgift, motrekning og utleggstrekk knytta til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift. 


Kontakt med skatteetaten får du nå på skatteetaten.no eller telefon 800 80 000.