Gilja barnehage

Visjon: Bedre sammen

Barnehagane i Gjesdal kommune jobbar saman for å skape barnehagar av høg kvalitet. Vi har barn i fokus og er opptekne av å sikre omsorg og utviklingsstøtte for alle barn. Gjesdal kommune nyttar seg av CLASS som metode for å kartleggje kvaliteten i barnehagane.

Organisering av barnehagen:

Gilja barnehage har 48 plassar.

Antal plassar er utgangspunktet for kor mange årsverk barnehagen får tildelt.

Foreldresamarbeid:

  • Foreldresamarbeidet med barnehagen er viktig, og vi ønskjer ein tillitsbasert dialog med foreldra der vi saman har mål om tryggleik, trivsel og utvikling.
  • SU har jamlege møte gjennom året og er eit viktig samarbeid for barnehagen.  AU sørgjer for hyggelege opplevingar for barn og foreldre og hjelper til med praktiske oppgåver.

Våre satsingsområde:

  • Varme relasjonar skal kjenneteikne dei vaksne i barnehagen, og vi nyttar Marte Meo som metode i tillegg til kommunen sitt felles kvalitetsarbeid Kvalitetshjulet – Kompetanseheving for barnehagetilsette.
    Fleire av dei tilsette er utdanna Marte Meo-praktikarar.
  • Språk, tekst og kommunikasjon: systematisk dialogisk lesing, eventyr som det vert arbeidd med over tid og som vert dramatiserte, Grep om omgrep, ASK og musikk, rim og reglar.


Barnehagen ligg òg i naturskjønne omgjevnader, og vi går fine turar både i skog og til små fjelltoppar.

Opningstid:

Vi kartlegg foreldra sine behov for opningstid kvart barnehageår, dette legg føringar for opningstida.

Måltid:

  • Barna har med seg niste til frukost
  • Barnehagen serverer lunsj og eit måltid beståande av frukt og grønsaker
  • Vi har både varme og kalde måltid

Matpengar:

Storleiken på plassen avgjer kor mykje føresette betaler i matpengar.

Her finn du oss:

Vår adresse er:
Kroveien 16, 4335 Dirdal 

Kontakt

Gilja barnehage
Telefon 51 61 49 20
Margrethe Lura - styrer Gilja barnehage
E-post
Telefon 51 61 49 20
Mobil 48 38 55 75

Kart