Gjesdal kommune

Urin og avføring

Urin og avføring

Forstopping hos barn

Ved forstopping har barnet sjeldnare avføring enn vanleg, og avføringa er hard, tørr og vanskeleg å pressa ut. Hard avføring kan gje svært smertefulle sprekker i endetarmen, og barnet kan derfor halda igjen avføringa, noko som kan forverra situasjonen. Forstopping er vanlegare, enn mange trur. Dels skuldast det arvelege faktorar, dels på toalettvanar, kostvanar og kor mykje ein rører på seg.

Spedbarn som bare får morsmjølk, får i praksis ikkje forstopping. For desse barna er det like normalt både å ha avføring fleire gonger om dagen som å ha det ein gong i veka. Barn som får morsmjølkerstatning eller som har begynt med fast føde, bør ha avføring kvar dag.

Rådfør deg med helsesjukepleiar eller lege viss du mistenker forstopping hos barnet ditt.

Dei vanlegaste årsakene til forstopping hos barn er for lite fiber i kosten, lite fysisk aktivitet og dårlege avføringsvanar. Nokre barn utset stadig toalettbesøka, noko som kan føra til at avføringa hopar seg opp i endetarmen og blir tørr og hard. Dette kan igjen føra til rifter og sprekkdanning i endetarmsopninga, og då blir det smertefullt å gå på do. Barnet vil prøva å halda igjen avføringa, og kan slik koma inn i ein vond sirkel. Akutt forstopping kan oppstå ved sjukdom, miljøforandringar og uvande forhold, for eksempel ved feber, reise, utedo eller stress.

Målet ved all behandling av forstopping er at barnet skal vera symptomfritt, ha dagleg og mjuk avføring og ingen ufrivillig lekkasje av avføring.

NB! Koblinga mellom endetarmen og urinblæra er viktig. Når endetarmen er fylt trykker han på blæra og gjer henne "irritert" og vanskeleg å kontrollera. Ei irritert blære gjer at ein må gå omkring og knipa bekkenmusklane saman, og det blir ein òg få forstopping av.

Dagvæting

Blæretrening er basisen i all behandling av barn med tisseproblem på dagtid. Målet er at barnet skal tissa hyppig, regelmessig og fullstendig, og gjennom det læra å kjenna tissetrong og ta kontroll over blæra og tissinga.

Inkontinensproblem hos barn er vanlegare enn mange trur. Med daginkontinens forstår me gjenteken urinlekkasje i vaken tilstand etter fylte 5 år. Ein av fem elles friske 5-åringar og ein av sju i skulealder er dagvætarar eller nattvætarar. For ikkje lenge sidan trudde ein at årsakene var vesentleg psykososiale når barn ikkje vart turre til forventa alder. Og i nokre tilfelle kan det vera rett. Men hovudårsaka til urinlekkasje hos elles friske barn har truleg heller å gjera med sein modning av nervesystemet som styrer blæra. Det har òg vore diskutert om faktorar som "altfor bra" bleier, manglande pottetrening samt dårleg toalettmiljø på skulen, kan vanskeliggjera eller forseinka barnets si evne til å få kontroll på blæra.

For barnet sjølv er urininkontinens eit stort problem som særleg for dei yngre skoleelevane kan føra til dårleg sjølvbilete og liten sjølvtillit. Sjølv om dei medisinske risikoane oftast er små, bør hjelp absolutt tilbydast.Ta kontakt med helsesjukepleiar eller fastlege for rettleiiing og behandling.

Viss barnet er friskt er førstehands behandling såkalla blæretrening, der målet er at barnet skal bli "herre over si eiga blære".

NB! Koblinga mellom endetarmen og urinblæra er viktig. Om endetarmen er fylt trykker han på blæra og gjer henne "irritert" og vanskeleg å kontrollera.

 

Korleis bør barnet tissa? torrhelenatten.no

Råd om drikking til barn med tisseproblemtorrhelenatten.no

Råd for blæretreningtorrhelenatten.no

Inkontinensutstyrtorrhelenatten.no

"Tissekontrakt". torrhelenatten.no

Klokker med alarmartorrhelenatten.no

Tissetidertorrhelenatten.no

Tissetider- eksempeltorrhelenatten.no

Sengevæting - Nattenurese

Sengevæting (gresk enurese: ufrivillig vasslating) er eit svært vanleg problem hos barn. I litteraturen finn ein litt varierande frekvens, men det gjeld ca. 40% av alle 3-åringar, ca. 20% av alle 5-åringar, ca. 10% av alle 6-åringar, 3% av alle 12-åringar. Sengevæting vert derfor rekna som eit normalfenomen inntil 6-7 årsalderen.

Årsaker til sengevæting:

Å vera turr om natta er vanskeleg. Nokre barn treng lengre tid for å kunna meistra det enn andre.Tala ovanfor viser imidlertid at så godt som alle barn veks det av seg med tida. Dei barna som brukar lengst tid har dårleg blærekontroll, noko som ofte er arveleg betinga. Problemet førekjem då gjerne hos fleire medlemmer i den same familien. I tillegg har fleire av desse barna små urinblærer som ikkje kan romma ei hel natts urinproduksjon.

Fysiske årsaker til sengevæting er sjeldne og dei kan utelukkast ved legeundersøking.

Det er òg sjeldan at sengevæting i utgangspunktet skuldast kjenslemessige vanskar. Det er såleis ikkje rett at alle barn som slit med sengevæting er nervøse. Men barna kan få nervøse problem viss foreldra handterer sengevæting på ein uheldig måte. En slik utvikling ønsker ingen foreldre.

Råd til foreldratorrhelenatten.no

Minirin (desmopressin) torrhelenatten.no

Alarmbehandling ved sengevæting. Råd til barnet og foreldra. torrhelenatten.no

Sengevætingsalarmar. torrhelenatten.no

Beskytting av senga. torrhelenatten.no

Inkontinensutstyr (bleier ect). torrhelenatten.no

Brosjyre: Sengevæting - og behandling med alarm. helsesosterbutikken.no

Sengevæting. Info fra Helsenorge.no. helsenorge.no

Sengevætingsutstyr. helsesosterbutikken.no

Kontakt

Ålgård Helsestasjon
Ole Nielsensvei 11, inngang øst i Norwegian Outlet (på baksiden)
E-post
Telefon 51 61 44 90

 

 

 

Åpningstider

Åpningstider mandag til fredag kl. 08:00-15:00.

Telefontid kl. 08:00-14.30.

Tlf: 51 61 44 90

DigiHelsestasjon: Kontakt oss digitalt via Helsenorge

Drop-In: mandager fra kl. 10.00-11.00

 

 

Kart