Foreldrene er de viktigste personene i et barns liv. Søsken, besteforeldre, venner og de som jobbar i barnehagen påvirker selvsagt også barnets utvikling, men det er foreldrene som de nærmeste omsorgspersonene som betyr aller mest.
God omsorg fra fødselen av øker livskvaliteten og legger et godt grunnlag for barnet i forhold til å møte utfordringer senere i livet. Barnet og foreldrene påvirker hverandre gjennom samspill, og barnets egenskaper påvirker hvordan foreldrene reagerer.
Som forelder står man bedre rustet til å støtte barnet til en trygg og god utvikling dersom du har kunnskap om hvordan barn flest utvikler seg og hvordan du kan hjelpe barnet i forskjellige faser. Helsestasjonen kan være en god samtalepartner og kan gi rettledning når familien har ting de lurer på, eller når de møter utfordringer.
Samspel og leik
Det tidlege samspelet mellom barnet og foreldra er med på å leggja grunnlaget for ei trygg tilknyting. Barn er fødde sosiale og kan delta i samspel alt frå starten av .
Les meir om Samspel og leik på helsestasjonstjenesten.no
Sosial utvikling
Den sosiale utviklinga startar alt ved fødselen, og barnet sitt forhold til dei næraste omsorgspersonane er svært viktig for korleis de utviklar seg. Barnet sin personlegdom vert utvikla i relasjonen med andre menneske, og relasjonane med andre avheng av at barnet utviklar ei forståing av seg sjølv som sjølvstendig individ.
Forståinga av empati og at både ein sjølv og andre har sine eigne tankar og kjensler (Theory of Mind) vert utvikla i løpet av det andre leveåret, og er viktig i forhold til barnet si sosiale utvikling. Både samspel med nære vaksne og leik er viktige for barnet si sosiale utvikling i småbarnsperioden. Den sosiale utviklinga og utviklinga av språk heng tett saman. Legg merke til at barnet er opptatt av andre og vert engasjert i samspel heilt frå starten av. Barn utviklar seg i ulikt tempo, og me gjev her ei oversikt over nokre milepælar i den sosiale utviklinga:
Les meir om Sosial utvikling på Helsestasjonstjenesten.no
Tilknyting
Omgrepet tilknyting vert brukt om det sterke kjenslemessige bandet som oppstår mellom barn og foreldre (primær omsorgsperson).
Les meir om Tilknytning på Helsestasjonstjenesten.no
Utviklinga av tilknytingssystemet
Gjennom samspel med foreldra i det første levehalvåret vert grunnlaget for barnet sitt tilknytningssystem lagt. Dei første teikna på at den vesle babyen knyter seg til foreldra er at han følgjer mor og far med blikket når dei bevegar seg rundt i romet, at babyen pludrar og smiler meir til foreldra enn til andre, og at foreldra er dei som best klarer å trøysta barnet når det er opprørt eller lei seg.
Barnet blir etterkvart meir stand til sjølv å regulera åtferd. Me sier at barnet går frå ytre regulering via samregulering til sjølvregulering av åtferd og kjensler. For eksempel vil eit nyfødd barn trenga hjelp av mor eller far til å stoppa gråt, mens barn mellom 3 og 6 månadar har større grad av kontroll til sjølv å stansa gråt. Eit anna eksempel er at barnet med aukande alder i større grad sjølv initierer samspelet med foreldra gjennom anna babling, imitasjonsleik, sosialt smil, å helsa eller vinka "Ha det!"
Les meir om Utviklinga av tilknytningssystemet på Helsestasjonstjenesten.no
Tryggleikssirkelen
Tryggleikssirkelen er ein modell som kan brukast for å forstå koleis tilknytningssystemet mellom omsorgsperosnen og barnet fungerer. I den øverste delen av Tryggleikssirkelen ser me at barnet bevegar seg bort frå omsorgspersonen, som er den trygge basen, for å utforske. I den nedste delen av sirkelen ser me at omsorgspersonen er ei sikker hamn å koma tilbake til når barnet føler seg trua eller treng trøyst.
Les meir om Tryggleikssirkelen på Helsestasjonstjenesten.no
Eigne erfaringar og foreldrerolla
Nokre foreldre er sterkast på den øvre halvdelen av tryggleikssirkelen, den som handlar om å vera ein trygg base for utforsking; mens andre er sterkast på det å vera ei trygg hamn å søka trøyst hos. Du tek med deg di eiga historie og dei erfaringane du sjølv gjorde som barn inn i foreldrerolla.
Les meir om Eigne erfaringar og foreldrerolla på Helsestasjonstjenesten.no.
Sist endret 05.06.2024 14.43