Heimel: Fastsett av Gjesdal kommunestyre 15.12.2025 med heimel i lov 9. juni 2023 nr. 30 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 14-1 andre ledd.
§ 1. Formål og verkeområde
Forskrifta gir informasjon om kva skule- og feriedagar elevane har i skuleåret 2026-2027. Elevane har rett og plikt til å møta på dei fastsette dagane. Forskrifta gjeld for elevar ved dei kommunale grunnskulane i Gjesdal kommune skuleåret 2026- 2027.
§ 2. Skuleruta 2026- 2027
| Dato | Merknader, ferie, fri | Skuledagar |
| August | Onsdag 19. august er skulestart for elevane. | 9 |
| September | | 22 |
| Oktober | Haustferie veke 41 (5.- 9. oktober). | 17 |
| November | Fri for elevane 13. november. | 20 |
| Desember | Måndag 21. desember er siste skuledag før jul. | 15 |
| Januar | Fri 1. nyttårsdag 1. januar Måndag 4. januar er første skuledag etter jul. | 20 |
| Februar | Vinterferie for Rogaland veke 7 (15.- 19. februar). | 15 |
| Mars | Påskeferie veke 12 (22. mars- 29. mars). Fri for elevane tysdag 30. mars. Onsdag 31. mars er første skuledag etter påskeferien. | 16 |
| April | | 22 |
| Mai | Fri Kristi himmelfartsdag torsdag 6. mai Fri for elevane fredag 7. mai Fri Grunnlovsdag / 2. pinsedag måndag 17. mai | 18 |
| Juni | Tysdag 22. juni er siste skuledag for elevane | 16 |
| | Sum skuledagar | 190 |
| Planleggingsdagar |
| Barnehagar | SFO |
17. august 2026 18. august 2026 13. november 2026 30. mars 2027 7. mai 2027 | 17. august 2026 18. august 2026 |
Det er fastsett i opplæringslova at opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skoleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker. Elevane skal ha minimum 190 skoledagar.
§ 3. Lokale variasjonar
Skulane fastset sjølv 6 planleggingsdagar på elevfrie dagar. Planleggingsdagar for skulane blir fastsette i samarbeid med organisasjonane til tilsette.
På nærare vilkår, og etter at samarbeidsorganet til skulen, elevar og foreldre har fått tilgang til å uttala seg, kan det gjerast justeringar av planleggingsdagar for kvar enkelt skule. Dette skal godkjennast av kommunedirektøren.
§ 4. Ikraftsetjing
Denne forskrifta trer i kraft 1. august 2026 og blir oppheva 31. juli 2027.