Om Frivillige tiltak i landbruket
”Frivillige tiltak i landbruket” blei etablert i 2004. Det er eit samarbeid mellom kommunane Hå, Time, Klepp, Gjesdal Sola, Sandnes, Stavanger og Randaberg med støtte frå Statsforvalteren og Fylkeskommunen. Frivillige tiltak i landbruket samarbeider tett med Jæren vassområde og har to faste 60% stillingar der Hå kommune er arbeidsgivaren.
Arbeidsoppgåver
Bakgrunnen for prosjektet var Aksjon Jærvassdrag sitt arbeid med å betre vasskvaliteten i vassdrag på Jæren. Rogaland er eit svært viktig jordbruksfylke, og den omfattande jordbruksproduksjonen gir mange stader utfordringar med omsyn til næringsavrenning til vatn. På Jæren er problemstillinga svært sentral. 90 vassdragslokalitetar er registrert påverka av landbruk. I 80 % av desse vassdraga er påverknaden registrert som middels eller stor.
Arbeidsoppgåvene i prosjektet vert i samarbeid med styringsgruppa å: (lista er ikkje uttømande)
- Informere om regelverk som gir støtte til bruk som tilpassar drifta
- for å redusere ureininga og skjøtte viktige kulturlandskapselement.
- Peika på risikomoment i høve til ureiningssituasjonen i vassdraga og informere om
- gjeldande forskrifter.
- Motivere til investeringar i tiltak som kan redusere ureininga.
- Motivere til driftstilpassingar som reduserer faren for ureining.
- Fremme prosjekter som bidrar til å betre vasskvalitet i vassdrag.
Det kan vere moglegheit for tilleggsoppgåver som tilsvara 100% stilling ved gjennomføring av prosjekter.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter ein person med god kjennskap til, eller har røynsle frå landbruket. Vedkomande bør også ha interesse for vassmiljø. Kjennskap til dataverktøy er påkravd. Det er ønskjeleg med universitets- eller høgskuleutdanning innanfor relevante fagområde, t.d. innan agronomi eller natur- og vassforvalting. Dokumentert relevant røynsle kan kompensera for manglande formell kompetanse. Personlege eigenskapar saman med god skriftleg og munnleg framstillingsevne og god samarbeidsevne vil bli tillagt stor vekt.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida.
Den som tilsettast må ha bilsertifikat og disponere eigen bil i arbeid. Det blir gitt køyregodtgjersle for køyring i arbeid.
Søknad kan sendast
Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling.
Søknadsfrist 20.11.2023
Kontaktperson
Halldor Gislason landbrukssjef, tlf.: 415 32 691, hgis@ha.kommune.no
Kenneth Hagen forvaltningssjef, tlf.:959 11 281, kenneth.hagen@ha.kommune.no