Gjesdal kommune

Hilde Frafjord – ny verksemdleiar i Helse og velferd

Hilde Frafjord – ny verksemdleiar i Helse og velferd

  Hilde Frafjord (55) er tilsett som ny verksemdleiar i Helse og velferd. Vi er glad for at Hilde alt har takk ja tilbodet og er klar til å ta til som ny verksemdleiar i helse, bu og  heimetenester. Med Hilde på plass får vi ein erfaren leiar som kjenner kommunesektoren svært godt med erfaring frå dei fleste fagområda Helse og velferd har ansvar for.

Hilde Frafjord har master i helse- og sosialfag frå Universitetet i Stavanger og  bachelor i sjukepleie. Hilde har også i seinare tid tatt kurset «Kommune og samfunnsplanlegging, helse og omsorg i plan» ved Universitetet i Tromsø.

Frafjord kjem nå frå stillinga som legevaktsjef i Stavanger kommune.

Hilde Frafjord har m.a. vore rådgivar fagstab samfunnsmedisin, seniorrådgivar Helse og velferd, prosjektrådgivar, avdelingsleiar frå Stavanger/Rennesøy kommune, rådgivar, Klepp kommune og sjukepleiar, Stavanger Universitetssykehus.

Velkommen til Gjesdal.