Gjesdal kommune

Jærkommunane tar imot flyktningar frå Ukraina

Jærkommunane tar imot flyktningar frå Ukraina

Time, Klepp og Gjesdal kommune vil dobla talet på flyktningar for busetjing i 2022, medan Hå er i full sving med å førebu oppfølging av 250 flyktningar ved Hå mottakssenter.

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) har bedt kommunane om å melda frå kor mange flyktningar frå Ukraina dei kan busetta, og kommunane på Jæren har no klart kva dei kan bidra med.

  • Me har eit sterkt ønske om å bidra for dei ukrainske flyktningane. Opphavleg var planen at me skulle busetta 30 flyktningar i 2022, men me ser at i denne ekstraordinære situasjonen har me kapasitet til å ta imot 30 flyktningar frå Ukraina i tillegg, seier Trygve Apeland, kommunedirektør i Time kommune.

Også Klepp og Gjesdal har meldt til IMDI at dei kan dobla talet for 2022. Klepp skulle opphavleg busetta 30 flyktningar, men kan auka til 60, medan Gjesdal kan auka frå 25 til 50.

  • I første omgang melder me no frå til IMDi at me kan ta imot 30 ukrainske flyktningar. Samtidig vil me sjølvsagt følga utviklinga tett, og vurdera å ta imot endå fleire dersom IMDI ber oss om dette på eit seinare tidspunkt, seier kommunedirektør Torild Lende Fjermestad  i Klepp kommune.
     
  • Det er viktig at me tar imot flyktningane på ein god måte. Med det flotte engasjementet som lokalsamfunnet har vist den siste tida er eg trygg på at me skal klare dette, seier Pål Larsson kommunedirektør i Gjesdal kommune.

Hå kommune er også positiv til å busetja fleire flyktningar utover dei 30 som det allereie er gjort eit vedtak på, men er i ein annan situasjon enn dei andre jærkommunane.

  • Me kan ikkje sei eit nøyaktig antall utover dei 30, i og med at kommunen frå måndag 14. mars skal følga opp Hå mottakssenter som får 250 flyktningar, seier kommunedirektør Anne Berit Berge Ims.

Kommunane på Jæren er allereie godt i gang med å førebu mottak av flyktningar frå Ukraina, og  har eit tett samarbeid om dette.

Bustader

Time, Klepp og Gjesdal:

Time, Klepp og Gjesdal har behov for bustader til dei ukrainske flyktningane som skal busettast på Jæren, og oppmodar alle som har hus, leilighet eller hybel tilgjengeleg om å melda frå om dette. Meir informasjon om dette på kommunane si nettside.

Hå:

Situasjonen er derimot litt annleis i Hå.  Akkurat nå har ikkje kommunen behov for bustader til flyktningar, men dersom det skulle bli behov, vil det bli kommunisert tydeleg på nettsider og sosiale media.