Gjesdal kommune

Pandemi og demokrati

Pandemi og demokrati

Nytt ordførarbrev frå Frode Fjeldsbø. 

Når eg skriv dette er både stortingsvalet gjennomført, 169 folkevalde installerte på Løvebakken og ei ny regjering har funne taburettane sine ved kongens bord. Samstundes er samfunnet gjenopna og så godt som restriksjonsfritt. Pandemien er ikkje over, men folkesetnaden er så godt vaksinert at samfunnet kunne opnast. Desse to storhendingane fall saman hausten 2021, stortingsvalet og gjenopninga. Det er noko fint symbolsk over dette, tykkjer eg.

Medan val er noko vi opplever kvart 2. år og ynskjer å vera med på, er pandemiar ikkje noko me har ynskje om å vera ein del av. Difor vonar nok du som eg at det vert lenge til ein liknande pandemi råkar oss. Pandemien har vist oss at me ikkje var så godt budde på denne varsla katastrofen som me burde ha vore. Eg både vonar og trur at me vil vera endå betre budde neste gong. Likevel har me klart oss godt, samanlikna med dei aller, aller fleste land. Oljefondet har gjeve oss musklar slik at me kunne setja i gang ekstraordinære tiltak, slik har både næringsliv og kommunar kome betre frå dette enn ein kunne frykta.

Dei nasjonale tiltaka har vore inngripande, men mindre inngripande enn i mange andre land. Heldigvis har få menneske i Noreg mista livet, men pandemien har hatt store konsekvensar for mange. No gler me oss alle over at samfunnet er til å kjenna att. Det er kjekt å kunne koma saman og vera mange igjen. Medan vi gler oss over dette, tykkjer eg også at me skal engasjera oss og strekkja ei hand ut til dei som har strevd ekstra mykje i denne pandemien. Er det noko me har lært i denne vanskelege tida, så er det kor viktig den sosiale fellesskapen er for at me skal trivast og ha det bra. Me lyt passa på kvarandre.

Eg vil også nytta høvet til å trekkja fram dei som har stått i velferdssamfunnets førsteline, og halde tilbod opne og tenester i gang. Alle tilsette i helsetenestene, barnehagetilsette, skulefolk, reinhaldarar, butikkarbeidarar og alle dei andre som har halde hjula i gang under pandemien. De fortener stor takk.

Stortingsvalet førte med seg eit skifte som eg er nøgd med. Det kan vel ikkje vera noka overrasking at eg stør Støre. Her har eg lyst til å framheva noko anna, noko endå viktigare. Når me no har fått ei ny regjering, gjekk den gamle av heilt frivillig og utan dramatikk. Når veljarane hadde flytta fleirtalet over på den venstre sida av den politiske vektskåla, ja då gjekk sitjande regjering av. Dei som tapte valet, var naturlegvis skuffa på valnatta, med står smilande, takksame og vennlege i regjeringskontora når dei overlèt nyklar og merksemd til dei påtroppande ministrane. Slike vennlege, respektfulle og fredelege maktskifte er kanskje det flottaste ved demokratiet. Maktskifte er ikkje like fredelege alle på kantar av verda, så denne handlinga som for oss er sjølvsagt, er det all mogleg grunn til å leggja merke med og vera stolt over.

Kan henda er det rett å seia at det er av di vi lever i eit så godt, stabilt og effektivt styrt demokrati at me har klart oss så godt som samfunn i denne pandemien. Eg er overtydd om det er ein samanheng her.

 

Frode Fjeldsbø

ordførar