Aktuell informasjon

Teststasjon på Kleppe blir avvikla

Teststasjon på Kleppe blir avvikla

1. juni blir teststasjonen for PCR-testing på Kleppe avvikla.

Det er ikkje lenger nødvendig å testa seg for covid-19 ved luftvegssymptom.

Dersom ein likevel ønsker å testa seg, kan ein få utlevert gratis hurtigtest på rådhuset i Klepp kvardagar mellom 08.00 og 14.00, eller på bibliotektet i opningstida.

Ved ønske om PCR-test og registrering i koronasertifikat må ein oppsøka private tilbydarar. Legetenesta i kommunane vil testa pasientar med behov for helsehjelp, men har diverre ikkje høve til å tilby test til andre.

Teststasjonen på Klepp har vore i drift sidan pandemien starta i mars 2020, og her har innbyggjarar i Klepp, Time, Hå, Gjesdal og Sandnes tatt koronatest. På det meste har det vore gjennomført 1000 testar dagleg, og det har blitt tatt om lag 240 000 koronatestar på teststasjonen.