Utbrot av fugleinfluensa i Klepp
Det er påvist fugleinfluensa i eit kommersielt fjørfehald i Klepp kommune. Mattilsynet har derfor innført fleire tiltak for å hindra vidare smittespreiing.
Gjesdal kommune er ikkje omfatta av den infiserte sona som er oppretta i delar av Rogaland.

I kartet ovanfor er det vist to soner. Raud sone er vernesone (3 km rundt utbrotet), gul sone er overvakingssone (10 km rundt utbrotet). I den gule sona er det mellom anna innført portforbod for fjørfe. Det betyr at fjørfe skal haldast innandørs eller under tak, slik at kontakten med ville fuglar vert redusert. Det er òg innført forbod mot jakt og fangst av ville fuglar, med enkelte unntak.
Risikoen for smitte til menneske er vurdert som svært låg. Innbyggarar og dei som held fuglar, bør halda seg oppdaterte på kva råd og restriksjonar som gjeld på Mattilsynet sine nettsider:
Informasjon om fugleinfluensa
Ville fuglar
Finn du sjuke eller daude ville fuglar og mistenker at det kan vera fugleinfluensa? Då kan du melda frå til Mattilsynet:
Mistanke om fugleinfluensa? Meld fra om syke eller døde villfugler og ville dyr her
Sist endret 05.11.2026 13:52