Samarbeid om korttids rehabilitering (sjukeheimsplassar)
Tone Hilde Anonsen, Lillian Ydstebø og Ingunn Lindefjeld Gjesdal kommune har inngått avtale med Bjerkreim kommune om sjukeheimsplassar. Vi har for tida for få kortidsplassar og vi er derfor glad for at vår nabokommune Bjerkreim hjelper oss, seier kommunalsjef Lillian Ydstebø.
Vi har den siste tida hatt ledige plassar på Solåsheimen, men akkurat nå har vi fullt på grunn av stort behov for kortidsplassar. Vi vel derfor å nytta kapasiteten vi har på Solås til dette, samtidig må vi sikre at vi har plassar til dei som treng plass fast, seier Ingunn Lindefjeld, verksemdleiar helse, bu og heimetenestar.
Tone Hilde Antonsen, avdelingsleiar for Solåsheimen, er glad for dette samarbeidet. Vi får derfor betre balanse mellom dei som treng kortidsplass og dei som har behov for fast plass. Vidare ønsker vi å unngå å ha utskrivingsklare pasientar på sjukehuset.
Akkurat nå blei kapasiteten nesten brukt opp på kortidsplassar og derfor er det bra at vi nå kan få plassar hos Bjerkreim slik at vi samla kan gi best mogleg tilbod.
Sist endret 16.02.2022 10.20